page view image

Smaken av Frankrike på Sognefjord Hotel

Ein avslappa og triveleg kveld med deilig mat og vin. Opplev "Smaken av Frankrike" på Sognefjord Hotel med vinekspertane Ove og Anniken frå Ypper.

Informasjon
event image

Velkommen til ein herleg kveld med fransk mat- og vinkultur i fokus 

På kjøkkenet lagar Joakim ein fyldig og vinterleg meny; med fisk og hummer i kraft til forrett, creme brulée til dessert og ei av verdas mest velsmakande og kanskje “franskaste" rett: *Canard a l'*orange, and i appelsinsjy til hovudrett. 

Avslappa vinsmaking og tre-rettars

Dette vert ein festkveld med ekte fransk brasserie-mat der du kan forventa deg mykje i tillegg til sjølve maten og stemninga. Før middagen får du ei rask innføring i vinsmaking med ein aperitiff og snacks. Til sjølve middagen vert det servert to franske kvitvinar til forretten og to raude til hovudretten. 

For å halde vinsmakinga i forkant, og losa deg trygt gjennom vinane, kjem Anniken England og Ove Svendsen frå Ypper. Dei har begge undervist på vinkelnerstudiet, der Ove også har spesialisert seg på mat og drikke i kombinasjon. 

Dette vert ei avslappande og usnobbete kveld, som passar både dei som er nysgjerrige på vinsmaking og dei meir erfarne. 

Kjekt å vite om vin

Dersom nokon ønsker fisk i staden for kjøt kan det sjølvsagt ordnast. Dei med allergi kan og melda dette inn på førehand. 

Det vert ein kjekk og lærerik kveld. Du skal kosa deg med maten, samanlikna litt vinar, generelt ha det greit, og kanskje til og med få med deg litt vinkunnskap. 

Ekspertane Ove og Anniken blir verande under, og etter middagen og kan svara på det aller meste når det gjeld vin og meny. 

Hjarteleg velkommen til Sognefjord Hotel og “Smaken av Frankrike”. 

Helsing vertskapet, Joakim, Emilie, Anniken og Ove. 

Pris: 1390,-

middag mat vinsmaking vinkurs franskmat sognefjord sognefjordhotel smaken frankrike hotel leikanger

Restriksjoner

18 års aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

Billetter kan ikke refunderast.